Det er ingen kostnader knytte til å integrere med Digipost. Kostnader oppstår berre når digital post og/eller tilleggstenester blir nytta i vårt produksjonsmiljø. Vi bistår òg kostnadsfritt med hjelp undervegs når du implementerer integrasjonen din.
Når du er ferdig med integrasjonen din i vårt testmiljø, tek du kontakt og melder at du er klar til å setje integrasjonen i produksjon. Vi avtaler då ein demo av løysinga dykkar, der de forklarer både funksjonelt og teknisk korleis integrasjonen dykkar fungerer.
Når alt ser bra ut, opprettar vi ein Digipost-produksjonskonto for dykk, som de kan bruke til å sende meldingar i vårt produksjonsmiljø.
Sjålv integrasjonen med Digipost er ikkje spesielt kompleks. Kor mykje tid ein brukar på å ferdigstille ein integrasjon, avheng av kor mykje kompleksitet de legg inn i eiga løysing. Til dømes vil integrasjonar som krev mykje endringar i GUI naturleg nok ta lengre tid. Det vil òg ta lengre tid dersom løysinga dykkar ikkje genererer ferdig formaterte dokument (t.d. PDF-ar) frå før. Ein typisk integrasjon med Digipost tek om lag 2–3 veker i ideell tid.