Dersom fakturaen er sendt i fakturaformat, kan du betale i Digipost via vår samarbeidspartnar Neonomics. Du blir sendt vidare til Neonomics som handterer sjølve betalingen frå din konto, og status og betalingsdetaljar er synlege i Digipost.
Viss du har betalt via ein annan kanal, er dette ikkje synleg i Digipost, men du kan velje å markere fakturaen som betalt, slik at det blir enklare å halde oversikt. Neonomics har konsesjon frå Finanstilsynet i Noreg og er underlagt dei krava myndigheitene stiller til selskap som driv med betalingstenester.
Viss fakturaen du mottar ikkje har ein knapp for å gå vidare til betaling, betyr det at den er sendt som ein PDF-fil, og Digipost kan ikkje hente ut data for å tilby betaling. Då må du kopiere betalingsdetaljar inn i nettbanken for å få betalt.