Innlogging

Logg sikkert inn med ID-porten for å få tilgang til posten din frå både offentlege og private avsendarar. Du kan bruke BankID, Buypass, Commfides eller MinID.

  • For å logge inn i Digipost kan du enten bruke ID-porten, eller Signicat.
  • Vi anbefaler at du alltid vel innlogging med ID-porten. Då får du tilgang til alle meldingar frå offentleg og privat sektor. På ID-porten kan du velje mellom BankID, Buypass, Commfides og MinID. Les meir om de ulike innloggingane på ID-portens hjelpesider.
  • Viss du loggar inn med Signicat, får du berre tilgang til å lese meldingar med lågare sikkerheitskrav, frå private bedrifter og privatpersonar. Du får ikkje tilgang til å lese meldingar frå offentleg sektor med Signicat-innlogging.

 

  • Du finn "Logg ut" under profilen din i Digipost. Viss du brukar Digipost-appen på ein personleg eining, til dømes din eigen mobiltelefon, anbefaler vi at du ikkje loggar ut etter at du er ferdig med å bruke appen.
  • Fordelane med å vere innlogga i appen er at du får varsel i appen når du får nye meldingar, og du treng berre å bruke ansiktsgjenkjenning, fingeravtrykk eller mobilkode for å opne appen neste gong du skal bruke han.
  • Sjølv om du er innlogga, lukkar appen seg, og kan ikkje opnast utan ansiktsgjenkjenning, fingeravtrykk eller din mobilkode.

Sikkerheit

  • I motsetning til vanleg e-post, er Digipost ein sikker digital postkasse. Alle meldingar som blir sende i Digipost er krypterte og kjem frå verifiserte avsendarar. Det er trygt å klikke på lenker du får i Digipost, fordi vi har kontrollmekanismar som hindrar at ondsinna aktørar brukar våre løysingar.

Eigarskap

  • Du eig dei meldingane du mottar i Digipost. Det betyr at du kan vere trygg på at ingen kan endre eller slette innhald i din postkasse.

Berre viktige meldingar

  • I Digipost slepp du spam og reklame. Du mottar berre meldingar som er viktige. Ingen avsendarar kan gi seg ut for å vere nokon andre når dei sender i Digipost.

Les meir om sikkerhet i Digipost.