Du kan sende brev til privatpersonar, offentlege verksemder og bedrifter med konto i Digipost, så sant mottakaren ønskjer å motta digital post. Du kan òg velje fleire mottakarar per brev og opprette kontaktlister som kan brukast om igjen neste gong du skal sende brev til dei same mottakarane.
Dei fleste filtypar kan sendast digitalt. Brev som skal leverast som papirpost, må vere i PDF-format for korrekt utskrift. Sjå teknisk informasjon for meir detaljar.
For å sende digitale brev i Digipost må du logge inn frå ein datamaskin. Det er ikkje mogleg å sende brev frå nettbrett, mobil eller Digipost-appane.
Slik sender du brev:
- Klikk på Ny melding i venstremenyen.
- Bruk Til-feltet for å søkje etter digitale mottakarar ved hjelp av namn, adresse, poststad eller Digipost-adresse. Om du vil sende brevet på papir, vel du Legg til postadresse.
- Skriv inn ønskt tittel på brevet i Emne-feltet. Brev som vert levert i Digipost, blir varsla og viste med emnefeltet du vel. Brev som blir sende som papirpost, får ikkje påført emnefelt.
- Vel om du vil skrive brevet direkte i Digipost, laste opp klargjorde filer, eller bruke ein kombinasjon av klargjorde filer og tekst du skriv inn.
- Du kan maksimalt sende 30 MB per brev, fordelt på inntil 200 filer. For å legge til filer kan du dra og sleppe dei inn i Digipost, eller bruke knappen Vel filer. Den første fila du lastar opp, blir hovuddokumentet i brevet, med dei andre filene som vedlegg. Om du har forfatta innhald i Digipost, vert teksten brukt som hovuddokument, og eventuelle filer som vedlegg.
Dersom du ikkje finn dei du ønskjer å sende til, kan det vere at dei ikkje ønskjer å vere tilgjengelege for offentleg oppslag. Det kan òg hende dei enno ikkje er registrerte i Digipost, eller har deaktivert postmottaket sitt for berre å sende utgåande post digitalt.
Postsendelsar blir fakturerte i Digipost.