Kom i gang med Digipost
Dette er ein enkel guide til korleis du kan bruke Digipost for å lese brev frå offentlege myndigheiter, bedrifter og organisasjonar.

Du kan bruke Digipost frå datamaskin, nettbrett eller mobiltelefon. Brukar du nettbrett eller mobiltelefon, er det enklast å bruke appen. Då slepp du å logge inn så ofte, og du får varsel frå appen når du har ny melding.
Laste ned app
Gå til App Store viss du har ein iPhone eller Google Play Store viss du har ein Android-telefon. Last ned og installer appen på mobilen din.
Registrere bruker
For å bruke Digipost må du først registrere deg som brukar. Dette treng du berre å gjere éin gong.
Logge inn i Digipost med ID-porten
- Trykk på "Logg inn"
- Trykk på "Logg inn med Id-porten"
- Velg den innloggingsmetoden du ønskjer å bruke.
Opne og les brev
Opne brev
- Når du har logga inn, kjem du til innboksen.
- Dei nyaste breva ligg øvst.
- Brev du ikkje har opna, er markert med tjukkare skrift og ein raud sirkel.
- Trykk på brevet du vil lese.
Lese brev
- Når du har valt brevet, opnar meldinga seg. Meldinga kan ha eitt eller fleire vedlegg.
- Vel vedlegget du vil lese ved å klikke på det.

Del postkassa di med andre
Om du ønskjer at nokon du stolar på skal kunne lese og følgje opp posten din i Digipost, kan du gi dei tilgang til postkassa di. Du kan berre gi tilgang, ikkje be om å få tilgang til andre sine postkasser.
Tilgangen gir moglegheit til å:
- Lese og bli varsla om ny post
- Sende post på dine vegner
- Lagre og laste ned innhald frå postkassa
Du treng ikkje logge ut av appen
Digipost-appen er trygg og sikker. Den krev PIN-kode, fingeravtrykk eller ansiktsgjenkjenning for å låse opp, noko som beskyttar kontoen din sjølv om telefonen skulle kome på avvege.
Å forbli innlogga gir fleire fordelar
- Du får varsel om nye meldingar med ein gong.
- Du sparar tid og har rask tilgang til viktige dokument når du treng dei.