Sikkerheit

Digipost beskyttar posten din med sterk kryptering og sikker innlogging. All kommunikasjon og lagring skjer trygt, og avsendarar er alltid verifiserte

Digipost er laga med tilsvarande sikkerheit som du er vant med i nettbanken. Når du er logga inn og les breva dine, skjer det gjennom ei kryptert forbindelse (SSL). Alle brev og personopplysningar blir lagra på ein sikker måte, i samsvar med personopplysningsforskrifta. Når du er logga inn, blir det også gjort automatisk back-up av alle data lagra i kontoen din. Når ein avsendar sender brev til deg, skjer det gjennom sikra dataforbindelsar.

 

Nei, tilsette i Digipost har ikkje tilgang til dine dokument. Eit fåtal medarbeidarar er autorisert til å vedlikehalde og korrigere kundeopplysningar. Digipost vil opptre som databehandlaren din etter personopplysningslova og er ansvarleg for at dine rettar blir oppfylte. Dersom medarbeidarar i Digipost har behov for å sjå personopplysningar som del av sitt arbeid, blir dette loggført. Digipost er også sikra mot at uautoriserte personar kan få tilgang til persondata.

Det hender dessverre at vondskapsfulle aktørar sender ut falske e-postar som ser ut som dei kjem frå Digipost. Den enklaste måten å skilje ekte frå falske e-postar er å sjekke avsendaren sin e-postadresse. Den finn du ved å klikke på avsendaren. E-postar frå Digipost blir alltid sendt frå no-reply@digipost.no.

Digipost brukar aldri lenkjer i e-postar når vi varslar deg om nye meldingar, så om du mottar dette er det stor sjanse for at det er ein falsk e-post. Sjekk alltid adressefeltet til lenkjer du mottar via e-post. Er det ein annan adresse enn digipost.no, går lenkja heller ikkje til oss.

Det einaste tilfellet vi sender lenkjer i e-postar er når vi ber deg om å verifisere e-postadressa di. Desse sender vi berre når du har:

  • registrert deg som ny brukar
  • endra e-postadresse
  • bekrefta e-postadresse
  • Har du ikkje gjort noko av dette, anbefaler vi deg å slette e-posten.

Sikkerheita i Digipost er svært høg. Alle meldingar er krypterte både når dei blir sende og når dei blir lagra. Alle avsendarar og mottakarar i Digipost har bekrefta kven dei er med ein sikker elektronisk ID, slik at det ikkje finst falske identitetar i tenesta.

  • Når vi får melding om dødsfall frå Folkeregisteret, blir kontoen deaktivert, som vil seie at du ikkje lenger mottar meldingar i Digipost.

  • Etterlatne kan få tilgang til kontoen i løpet av dei første ni månadene etter vi registrerte dødsfallet, dersom dei kan framvise skifteattest.

  • Tolv månader etter vi fekk beskjed om dødsfallet, blir kontoen og alt innhald sletta. Det kan ikkje gjenopprettast.

Her finner du gjeldande brukervilkårbrukervilkår for privatpersonar

Du finner gjeldande personvernerklæring her. Nederst i personvernerklæringa finn du kontaktinformasjon til personvernombodet.