Digipost – Gjer vaksenlivet litt enklare
Er du ny i Digipost, eller har nokon sagt at det er lurt å skaffe seg ein konto? Her får du svar på kva Digipost er, korleis du kan halde oversikt over viktig post – og korleis appen gjer alt endå enklare!
.jpg)
Kvifor bruke Digipost?
Viktig post som inkasso, bevis eller innkallingar bør ikkje sendast med vanleg e-post, sidan tryggleiken ikkje er høg nok. I tillegg kan viktige brev drukne i reklame og nyheitsbrev i e-posten din.
Digipost fungerer som din digitale postkasse, der du alltid har tilgang til det du treng – trygt og enkelt!
Fordelar med Digipost:
🔒 Trygg lagring – Ingen andre kan opne posten din, berre du (eller dei du vel å dele med).
📱 Alltid tilgjengeleg – Ha tilgang til brev og dokument rett frå mobilen.
😌 Unngå stress – Slipp å miste viktige papir, alt samlest på ein stad.
📅 Betre kontroll – Unngå inkassokrav og gløymde fristar
🌱 Bra for miljøet – Mindre papir betyr mindre sløsing!

Post som kan komme i Digipost er:
- innkallingar og brev frå Forsvaret
- rekningar fra legen eller skulen
- inkassokrav for ubetalte rekningar
- bevis på at du rett til å øvingskøyre
- politiattest, om du skal jobbe med barn og unge
- kredittvurdering, for eksempel om du bestiller nytt mobilabonnement

Få hjelp til å halde oversikt
Som nesten vaksen kan det vere litt vanskeleg å følgje med på alt. Heldigvis treng du ikkje gjere alt aleine!
Med Digipost kan du gi nokon du stolar på (som foreldra dine) tilgang til posten din. Dei kan hjelpe deg med å halde oversikt til du føler deg trygg på å handtere det sjølv. Når du er klar, fjernar du berre tilgangen.
jeg fikk inkassokrav fra legesenteret! Nå hjelper mamma meg å følge med på det som kommer i Digipost. Men jeg har full kontroll selv!
Ikkje mist viktige dokument
Skulepapir, vitnemål, jobbkontraktar – har du tenkt på kvar du skal oppbevare dei? I Digipost kan du opprette mapper og laste opp det du vil ta vare på, slik at du alltid har tilgang – uansett kvar du er.
Viktig post, rett i lomma
Med Digipost-appen får du varsel på mobilen så snart du mottar ny post eller meldingar. Du har all post tilgjengeleg på telefonen din og kan bruke ansiktsgjenkjenning og fingeravtrykk for å logge inn.