Kontaktinformasjon

Oppdater e-post og telefonnummer under Profil, og sjå den unike Digipost-adressa di. Namn og adresse blir henta automatisk frå Folkeregisteret.

  • Vi hentar namn, fødselsnummer og postadresse frå Folkeregisteret og Posten sin adressedatabase. Om du melder endring til Folkeregisteret, vil Digipost bli oppdatert etter ei stund.
  • Du kan ha fleire postadresser registrert. Dersom det er feil i dine registrerte personopplysningar, kan du kontakte kundeservice.

 

  • Når du registrerer deg i Digipost, blir e-postadresse og telefonnummer henta frå det nasjonale kontaktregisteret.

  • Vi brukar dette til å varsle deg når du har meldingar i Digipost. Viss du endrar dine opplysningar i det nasjonale kontaktregisteret, blir ikkje din profil i Digipost oppdatert.

  • Du kan sjølv endre kontaktopplysningane dine i Digipost under Profil - Personleg informasjon. Du kan registrere inntil tre e-postadresser, men berre eitt telefonnummer.

  • Vi brukar e-postadressa di til å varsle deg når du får nye meldingar, eller viss vi til dømes endrar vilkåra. Viss avsendar vel det, sender vi også SMS for å varsle om nye meldingar i Digipost.
  • Du kan sjølv velje om du vil ha varsling på e-post og SMS, men du kan ikkje velje SMS frå alle avsendarar.
  • Når du registrerer deg i Digipost, blir e-postadresse og telefonnummer henta frå det nasjonale kontakt- og reservasjonsregisteret.
  • Vi brukar dette til å varsle deg når du har meldingar i Digipost. Viss du endrar dine opplysningar i kontakt- og reservasjonsregisteret, blir ikkje din profil i Digipost oppdatert.
  • Du kan sjølv endre kontaktopplysningane dine i Digipost under Profil - Personleg informasjon. Du kan registrere inntil tre e-postadresser, men berre eitt telefonnummer.
  • Digipostadressa er din unike ID i Digipost. Den blir brukt av avsendarar som vil sende deg brev i Digipost.
  • Viss du har valt å ikkje vere synleg i søk, treng andre privatpersonar som skal dele si postkasse med deg, eller sende deg meldingar, å vite kva Digipostadressa di er.
  • Digipostadressa er bygd opp av namn, tal og bokstavar. Døme: ola.nordmann#123A Viss du endrar namn, vil systemet automatisk lage ny
  • Digipostadresse basert på det nye namnet ditt. Viss Digipostadressa di er feil, kan du kontakte kundeservice.
  • Du finn Digipostadressa di under Profil.

Kvar 90. dag ber vi deg om å bekrefte at kontaktopplysningane om deg er riktige. Det er fordi det er viktig at varslingar om nye meldingar faktisk når fram til deg.

Av same grunn ber vi deg også om å verifisere at e-postadresse og telefonnummer er riktige ved at vi sender deg ein kode på SMS og ei lenkje vi ber deg opne på e-post. Dette treng du berre gjere éin gong, og om du ikkje nyleg har registrert deg, bytta eller bekrefta e-postadressa di, kan du sjå bort frå e-postar frå oss som inneheld klikkbare lenkjer.