Slik fungerer varslingar i Digipost

Digipost varslar deg når du får ny post, slik at du enkelt kan halde deg oppdatert.

Push-varsel i appen

Du kan aktivere push-varsel i Digipost-appen via telefoninnstillingane dine.
Varsel blir sende mellom klokka 07.00 og 23.00, slik at du ikkje blir forstyrra om natta.

SMS-varsel:
Varsel på SMS blir berre brukt av offentlege avsendarar og bedrifter som betaler for at du skal få melding om ny post.

E-postvarsel:
E-postvarsel blir sende ut samtidig med push-varsel, men det kan vere litt forseinking. Dersom du ikkje får varsel på e-post, bør du sjå etter i spam- eller søppelmappa. Ver merksam på at dersom du markerer e-post frå Digipost som spam, vil du ikkje lenger få e-postvarsel om ny post.