Motta og send post – enkelt og sikkert
Få brev frå offentlege og private avsendarar, betal fakturaer og hald orden på posten din på éin stad. Du styrer kven som kan kontakte deg, kan skjule deg i søk eller blokkere avsendarar, og sender sjølv sikkert med kryptering og BankID til rett mottakar.
Motta brev
- Digipost blir brukt av private bedrifter, offentleg og frivillig sektor, og privatpersonar.
- Når du godtar bruksvilkåra, godtar du å motta post frå alle avsendarar, men du kan velje å endre korleis du mottar post frå offentleg sektor og privatpersonar. Sjå svar lenger ned.
Når du har konto i Digipost, treng du som regel ikkje å gjere noko for å få digital post frå det offentlege digitalt. Unntaka er om du:
- Allereie har konto hos E-boks der du får offentleg post
- Har reservert deg mot digital kommunikasjon
På norge.no kan du fjerne reservasjon mot digital kommunikasjon eller bytte digital postkasse frå E-boks til Digipost.
- Når nokon sender deg faktura i Digipost, er det ofte fordi dei ikkje har nok informasjon til å sende den som e-faktura, eller fordi dei ønskjer å nå deg i fleire kanalar.
- Fakturaer som du mottar i Digipost er like reelle som andre fakturaer, men ver merksam på at betalingsstatus ikkje blir oppdatert i Digipost dersom du betaler gjennom ein annan kanal.
Viss du ikkje ønskjer at andre personar skal kunne sende deg meldingar, har du to moglegheiter:
- Blokkere enkeltpersonar som har sendt meldingar til deg tidlegare.
- Velje å ikkje vere synleg ved søk for andre privatpersonar.
Dette gjer du på "Post frå privatpersonar", som ligg under "Sikkerheit og samtykker" på profilen din. Ver merksam på at om du vel å ikkje vere synleg, kan ingen privatpersonar sende deg noko i Digipost utan at dei kjenner din Digipost-adresse.
Meldingar du mottar i Digipost blir verande i Digipost til du sjølv vel å slette dei. Du kan opprette mapper og flytte meldingar til eigne mapper.
- Dersom fakturaen er sendt i fakturaformat, kan du betale i Digipost via vår samarbeidspartnar Neonomics. Du blir sendt vidare til Neonomics som handterer sjølve betalingen frå din konto, og status og betalingsdetaljar er synlege i Digipost.
- Viss du har betalt via ein annan kanal, er dette ikkje synleg i Digipost, men du kan velje å markere fakturaen som betalt, slik at det blir enklare å halde oversikt. Neonomics har konsesjon frå Finanstilsynet i Noreg og er underlagt dei krava myndigheitene stiller til selskap som driv med betalingstenester.
- Viss fakturaen du mottar ikkje har ein knapp for å gå vidare til betaling, betyr det at den er sendt som ein PDF-fil, og Digipost kan ikkje hente ut data for å tilby betaling. Då må du kopiere betalingsdetaljar inn i nettbanken for å få betalt.
Digipost samarbeidar med Boligmappa, slik at det du mottek i Boligmappa blir vidaresend til Digipost. Desse dokumenta hamnar automatisk i mappa som heiter Bustaden min i Digipost.
Viss du eig en bustad i Noreg har du også ei boligmappe tilknytt boligen. Blant anna håndverkarar kan sende dokumentasjon på utførd arbeid til Boligmappa, og du kan finne anna boligrelatert innhold i mappa.
Les meir om Bustad i Digipost.
Sende brev
- Når du sender brev i Digipost, er du sikker på at innhaldet er kryptert, og at det når fram til riktig mottakar.
- Er innhaldet sensitivt, kan du krevje at mottakaren er logga inn med BankID eller liknande for å opne.
- Viss du er usikker på om du har funne riktig mottakar, kan du be vedkommande om å dele sin Digipost-adresse med deg, slik at du er heilt sikker på at du sender til riktig person.
Du kan sende til alle privatpersonar som brukar Digipost i Noreg, med unntak av brukarar som har blokkert deg frå å sende dei meldingar.
Du kan søkje på namn, postnummer og poststad. Du får berre sjå dei 30 første treffa, så inkluder postnummer eller -stad viss den du skal sende til har eit veldig vanleg namn. Då unngår du å velje feil person. Viss du ikkje får treff, kan det skuldast at den du søkjer etter:
- Ikkje brukar Digipost
- Har valt å ikkje vere synleg for søk
- Har blokkert deg frå å sende dei meldingar
Viss den du skal sende til brukar Digipost, men ikkje er synleg for søk, kan du be vedkommande dele sin Digipost-adresse med deg. Digipost-adressa ligg under profil. Når du skal sende til nokon med Digipost-adresse, skriv du heile adressa i søkefeltet, til dømes "ola.nordmann#123".
Dersom uhellet er ute og du har sendt feil, er det dessverre ikkje mogleg å rette det opp. Dette gjeld i Digipost på same måte som brev du sender i posten. Sjekk derfor grundig at du har riktig mottakar før du sender ei melding i Digipost. For å vere heilt sikker på at du har riktig person, kan du be mottakaren dele sin Digipost-adresse med deg. Digipost er ein unik ID som du finn under din profil.