Tilgang til andre sin postkasse
Slik deler du tilgang trygt i Digipost, finn postkassa du har fått tilgang til, og ser kva for dokument som krevst ved verge, framtidsfullmakt og ved dødsfall
- Ja, du kan gjerne gi tilgang til kontoen din til ein eller fleire personar som du stolar på. Den som får tilgang kan lese og sende meldingar på vegner av deg, og får også varsling på e-post når du får nye meldingar i Digipost.
- For å gi andre personar tilgang til di postkasse, går du inn på profilen din og vel "Tilgangar".
- Du kan lese meir om tilgang på tilgang.
Når du har fått tilgang til ein annan person sin postkasse, kan du sjå innhaldet til denne personen ved å velje personen sitt namn øvst i postkassemenyen.
Om du ønskjer tilgang til ein Digipost-konto fordi du har vergefullmakt, må du sende ei melding til Digipost kundeservice (digipost#V000) i Digipost.
I meldinga må du beskrive situasjonen, oppgi kontaktinformasjonen din og leggje ved ein kopi av vergefullmakta.
Du vil få tilgang til kontoen når Statsforvaltaren har utstedt og godkjent papira.
Ein framtidsfullmakt regulerer kven som kan handle på dine vegner, viss du sjølv ikkje er i stand til det i framtida. Dette kan innebere å handtere din digitale post.
Ein framtidsfullmakt må vere signert av vitne, og kan oppbevarast i eit privat arkiv eller hos ein advokat.
Dersom du er utpeika i ein framtidsfullmakt, kan du få tilgang til vedkommande si Digipost-konto.
Digipost treng kopi av framtidsfullmakta og ei attest frå ein lege som viser at personen ikkje lenger er i stand til å ta vare på eigne interesser.
Er det oppgitt fleire personar i framtidsfullmakta, kan det vere nødvendig at du sender fullmakt eller godkjenning frå dei andre personane.
Send informasjonen via melding i Digipost til Digipost kundeservice (digipost#V000), eller i posten til:
Posten og Bring Kundeservice
Stølsmyr 10
5542 Karmsund
Ved død vil kunden sin Digipost-konto automatisk bli deaktivert etter at Digipost mottar melding om dødsfallet frå folkeregisteret. Etter tolv månader blir Digipost-kontoen stengt, og alt innhald blir sletta. Om du ønskjer tilgang til den avdøde sin Digipost-konto, må du sende oss følgjande informasjon innan ni månader:
- Skifteattest frå tingretten
- Di e-postadresse
- Ditt telefonnummer
Når vi har mottatt informasjonen, kontaktar vi deg for å overdra kontoen. Send informasjonen via melding i Digipost til Digipost kundeservice (digipost#V000) eller i posten til:
Posten og Bring Kundeservice
Stølsmyr 10
5542 Karmsund