Innlogging

En eller annen tekst om innlogging

For å registrere ein konto i Digipost må ein av dei som har signaturrett, ha tilgang til ei personleg autentiseringsløysing frå BankID eller Buypass.

Prøv å logge inn i nettbanken din på vanleg måte. Dersom det ikkje er mogleg å logge inn i nettbanken, kan problemet skuldast ein ugyldig kode eller tekniske problem med nettbanken din.

  • Sjå BankID sine nettsider for problemløysing og feilrapportering.
  • Kontakt banken din for ytterlegare informasjon.

Dersom du klarer å logge inn i nettbanken, men ikkje på Digipost, kan dette skuldast tekniske problem hos oss. Prøv igjen seinare, eller kontakt kundeservice.

Prøv å logge på andre brukarstader som krev Buypass. Dersom dette heller ikkje fungerer, kan det skuldast tekniske problem hos Buypass.

  • Sjå Buypass sine nettsider for problemløysing og feilrapportering.
  • Kontakt Buypass for meir informasjon.

Dersom du klarer å logge på ein annan brukarstade med Buypass, men ikkje på Digipost, kan dette skuldast tekniske problem hos oss. Prøv igjen seinare, eller kontakt kundeservice.