Registrer ein bedriftskonto

For å opprette ein bedriftskonto må du ha signatur- eller prokurarett for selskapet. Vanlegvis betyr dette at du har rolla som innehavar eller dagleg leiar, men prokura kan òg tildelast andre i verksemda.

Digipost hentar informasjon frå Brønnøysundregisteret om kva verksemder du kan opprette kontoar for. Du må difor stadfeste identiteten din med BankID eller Buypass. Dersom verksemda di ikkje vert lista opp som tilgjengeleg val etter at du har identifisert deg, skuldast det at du ikkje er registrert med signaturrett hos Brønnøysundregisteret.

Registrer verksemda di her.