Lommebok og digitale bevis

Vi leverer komponentane du treng for å utforske digitale bevis i den nye europeiske standarden for eIDAS.

Grip moglegheita: Slik tek verksemda di det første steget med eIDAS.

Fremtidas ID og datadeling er her no
Neste generasjon digitale lommebøker endrar måten dokument blir delte på. Kundane dine kan dele verifiserte, digitale bevis på få sekund – heilt utan fysiske papir eller manuelle kontrollar. For verksemda di betyr dette lågare risiko, raskare prosessar og ei langt meir saumlaus brukaroppleving.

EU rullar ut ny standard i år – de må vere rigga
Dette er ikkje lenger ein fjern framtidstrend. Gjennom EUs nye eIDAS 2.0-forordning blir den nye europeiske standarden implementert i år. Målet er at alle EU-land skal ha ei lommebokteneste klar innan året er omme. Digitale bevis blir dermed umiddelbart gyldige på tvers av landegrensene i Europa. Verksemder som integrerer dette tidleg, sikrar seg eit stort konkurransefortrinn.

Den nasjonale sandkassa og Digipost

Fremtidas ID og datadeling er her no
Neste generasjon digitale lommebøker endrar måten dokument blir delte på. Kundane dine kan dele verifiserte, digitale bevis på få sekund – heilt utan fysiske papir eller manuelle kontrollar. For verksemda di betyr dette lågare risiko, raskare prosessar og ei langt meir saumlaus brukaroppleving.

EU rullar ut ny standard i år – de må vere rigga
Dette er ikkje lenger ein fjern framtidstrend. Gjennom EUs nye eIDAS 2.0-forordning blir den nye europeiske standarden innført i år. Målet er at alle EU-land skal ha ei lommebokteneste klar innan året er omme. Digitale bevis blir dermed umiddelbart gyldige på tvers av landegrensene i Europa. Verksemder som integrerer dette tidleg, sikrar seg eit stort konkurransefortrinn.

Gå til Digipost si tekniske dokumentasjon

Her finn du API-ar og ein steg-for-steg-guide til korleis du kjem i gang med lommebok og digitale bevis, enten som utstedar eller verifiserar.

Gå til oversikta

Ein enklare og tryggare kvardag med digital lommebok

Gi verksemda di eit digitalt løft med lommebok og digitale bevis. Vi hjelper deg med å automatisere tidkrevjande kontrollrutinar, eliminere risikoen for dokumentforfalsking og verne sensitive opplysningar.

Les meir om lommebok og bevis

Utsted digitale bevis

Både offentlege etatar og private selskap som forvaltar offisiell informasjon, kan utstede digitale bevis. Det nye offisielle registeret over truverdige utstedarar sikrar bevisa og gjer dei umoglege å forfalske.

Slik blir du utstedar

Verifisering av digitale bevis

Å verifisere eit digitalt bevis betyr å sjekke at informasjonen er ekte, at ingen har tukla med henne, og at ho framleis er gyldig. Det gjer vi for å vere heilt sikre på at opplysningane kjem frå ein stad vi kan stole på

Slik verifiserer du bevis

Vil du vite meir?

Ta kontakt med oss dersom de skal jobbe med verksemdslommebok og digitale bevis. Send mail til kontakt@digipost.no.

Meld interesse