Gje andre tilgang til din postkasse

Treng du, eller nokon du kjenner, litt hjelp til å følgje med på kva som kjem av digital post? Digipost har ei løysing for det. Det einaste som må vere på plass, er to personar som begge har Digipost – og som stolar på kvarandre!

Ein mann og ei eldre dame som held ein laptop saman

Kvifor skal eg gje andre personar tilgang til min Digipost?

I Digipost får du viktig informasjon frå offentlege aktørar og private verksemder, som det er viktig å få med seg. Det kan vere innkallingar, fakturaer eller vedtak som du må følgje opp.

Dersom du synest det er vanskeleg å halde oversikt over alle digitale og fysiske kanalar, kan deling av konto vere ei god løysing.

Døme på personar som kan ha nytte av dette

  • eldre menneske som slit med digitale hjelpemiddel

  • unge på veg inn i vaksenlivet

  • sambuarar og ektepar

  • personar som treng hjelp i kvardagen på grunn av kognitive utfordringar

  • personar som treng hjelp i kvardagen på grunn av fysiske utfordringar

Korleis gjer eg det?

  1. Opne profilen din i Digipost og gå til Tilgangar

  2. Be den du vil dele med, om å opne sin Digipost for å finne Digipost-adressa si. Adressa står øvst på Profil eller Heim, og består av namn og unike identifikatorar. Til dømes: ola.nordmann#12PL

  3. Klikk på "Del postkasse med Digipost-adresse" og legg inn adressa til den som skal få tilgang

  4. Sjekk og stadfest at det er rett person

  5. Voila! No har den andre personen tilgang til postkassa di og kan lese meldingane dine. Vedkomande får varsel på e-post kvar gong du får ny melding i Digipost
    Dersom de begge skal ha tilgang til kvarandre sine postkassar, gjer de det same ein gong til – berre motsett veg.

Det er ikkje naudsynt med fullmakt for å få tilgang til ein annan sin konto, så lenge det er kontoeigaren sjølv som deler tilgangen.

Illustrasjon av en famiile

Er det trygt?

Ja, så lenge du er trygg på at du gjev tilgang til rett person, er det heilt trygt. Det vil hjelpe deg å følgje med på posten din, slik at du ikkje går glipp av viktige beskjedar, fristar eller rekningar.

Å la andre bruke BankID-en din, er derimot verken trygt eller lovleg. Dersom du let andre bruke BankID-en din, risikerer du at ho blir stengd – og at du ikkje får logga inn på viktige tenester på nett.

I Digipost kan den som har fått tilgang, ikkje endre innstillingane dine, avslutte kontoen din eller gi tilgang til fleire. Vedkomande kan berre følgje med og lese meldingar, og svare/sende meldingar på dine vegner.

Full sporbarheit

I Digipost finst det ein logg over kontoaktivitet dei siste 90 dagane. Der kan du sjå kven som har opna meldingane som ligg på kontoen din.

 

Del kontoen din

Logg inn for å dele konto – eller registrer ein ny brukar dersom du ikkje har ein frå før.